Skip to content
Jone Odden (23) frå Suldalsosen ein av dei heldige som skal få bruke sommaren hos Hydro Energi Røldal-Suldal.

Stories by Hydro

Suldal som kraftkommune gav inspirasjon – Jone bruker heile sommaren på kraftverka i Røldal-Suldal

Kvar sommar opnar Hydro dørene for studentar som ynskjer relevant arbeidserfaring gjennom praksisopphald. I år er Jone Odden (23) frå Suldalsosen ein av dei heldige som bruker sommaren hos Hydro Energi Røldal-Suldal.

– Eg søkte internship i Hydro fordi eg ønskjer å vere ein del av det grøne skiftet. I tillegg er det veldig praktisk fordi eg bur her i Suldal, fortel Odden.

Odden, som til vanleg studerer Miljøfysikk og fornybar energi ved Norges miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) i Ås, ser på Hydro som eit naturleg val for å kombinere teori med praksis. Denne sommaren skal han jobbe som energioperatør på kraftverka i Røldal-Suldal.

Heimbygda som inspirasjon for karrierevalet

– Eg har hatt mange fag som er relevante for arbeidet her og som skildrar korleis systema er bygde opp. Det er utruleg lærerikt å kunne sjå korleis ting fungerer i praksis og å få vere med ut på anlegga, fortel studenten.

Sommarjobben gir Odden moglegheit til å arbeide tett med prosjektingeniørane, noko han synes er det mest interessante med jobben. Heimbygda Suldal, som er kjend for sine vasskraftverk, har inspirert Odden sitt val av studieretning.

– Suldal som kraftkommune har motivert meg til å søkje på studiet mitt. Vasskraft er ein viktig del av det grøne skiftet og den største energikjelda i landet, forklarer Odden.

Jone Odden (midten) saman med Marthe Sølverud Færden (venstre) og kraftverkssjef Agnes Oppistov Lykkebø.
Jone Odden (midten) saman med Marthe Sølverud Færden (venstre) og kraftverkssjef Agnes Oppistov Lykkebø.

Vurderar å flytte heimatt

Kvar dag inneheld nye utfordringar og læringsmoglegheiter. Hovudoppgåva hans i sommar er å lage ei database som gir oversikt over prisane på dei ulike delane i kraftverket, for å forenkle estimeringsprosessen for prosjektingeniørane.

Av og til kjem det spontane førespurnader som krev at ein må ut i feltet på kort varsel.

– Arbeidsoppgåvene er veldig varierte med både kontor- og feltarbeid. Når det er fint ver, føler eg meg heldig som kan jobbe ute, og så er kontorarbeidet perfekt når veret ikkje er på topp, fortel han.

Arbeid ved kraftverka i Røldal-Suldal gir ein variert arbeidskvardag med både kontorjobb og arbeid ute i felt.
Arbeid ved kraftverka i Røldal-Suldal gir ein variert arbeidskvardag med både kontorjobb og arbeid ute i felt.

Odden legg til at han elskar å bruke fritida si i naturen og i fjellet. Han vurderer å flytte tilbake til Suldal når han blir eldre, sjølv om han ser fram til å utforske andre byar medan han er ung.

– Det er ein fantastisk plass å vekse opp, seier suldølingen.

Eit springbrett for vidare karriere

Odden ser på internshipet som ei verdifull investering i framtida og håper at erfaringane kan åpne for nye moglegheiter etter studietida.

– Eg har allereie lært mykje og fått relevant arbeidserfaring. Hydro er veldig flinke til å leggje til rette for utvikling, seier han.

I tillegg til å vere ein karrieremoglegheit, framhevar han det gode arbeidsmiljøet som noko av det beste med jobben.

– Eg føler meg godt integrert allereie etter berre to veker på jobb. Dørene på kontoret er alltid opne, så eg har alltid nokon å spørje om det er noko, fortel Odden.

Å ha internship i Hydro er meint å fungere som eit springbrett for vidare karriere. Det er like viktig for selskapet at studentane får relevant erfaring som at dei bidrar til å utvikle organisasjonen.

Ynskjer fleire kvinnelege søkjarar

Odden er praktikant saman med HVL-studenten Gunnar Søvik Lynghammer (22) frå Røldal. Kraftverkssjef Agnes Oppistov Lykkebø (54) er svært nøgd med årets praktikantar, men litt skuffa over mangelen på kvinnelege søkjarar.

– Det er veldig synd, for det er viktig med mangfald og balanse på arbeidsplassen for å oppnå dei beste resultata. Alle har sine styrker og svakheiter, og det er i kombinasjonen av desse at vi finn dei beste løysingane, fortel Lykkebø.

Kraftverka i Røldal-Suldal (RSK) består av ni kraftstasjonar, som strekk seg langs Røldal og Suldalsvassdraget og ned til Suldalsvannet. Her frå Valldalsvatnet nord for Røldal.
Kraftverka i Røldal-Suldal (RSK) består av ni kraftstasjonar, som strekk seg langs Røldal og Suldalsvassdraget og ned til Suldalsvannet. Her frå Valldalsvatnet nord for Røldal.

Odden deler dette synet og framhevar viktigheita av variasjon i arbeidsmiljøet.

– Ulike perspektiv og balanse på arbeidsplassen er avgjerande. Her er det godt tilrettelagt for alle tilsette, uavhengig av kjønn. Vi jobbar alltid i lag og samarbeider godt, fortel han.

Lykkebø avsluttar med å oppmuntre fleire kvinner til å søkje seg til kraftverk.

– Vi ønskjer å spegle samfunnet rundt oss og dra nytte av ulike perspektiv og erfaringar. Hydro tilbyr fantastiske moglegheiter og er ein stad kor ein kan gjere ein forskjell, både for seg sjølv og for samfunnet, seier ho.

Finn ut mer om jobb i Hydro: Se våre karrieresider